Publisert 14. juni 2011 12:29:26 av John Willy Klungre
Kven kan klage?
- Elevar eller dei som desse gir skriftleg fullmakt.
- Foreldra eller dei føresette til umyndige elevar.
- Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra eller dei føresette.
Kvar skal klagen sendast?
- Klagen skal sendast til den skolen der klagaren er elev.
Kva er klagefristen?
- Klagefristen er 10 dagar.
- Fristen skal reknast frå tidspunktet når meldinga om vedtaket er komen fram til den som har klagerett, eller når den som har klagerett, burde ha gjort seg kjent med vedtaket.
- Fristen blir avbroten når den som har klagerett, ber om grunngiving for karakteren.
- Sjølv om klagefristen er gått ut, kan klagen behandlast så framt klagaren ikkje kan lastast for å ha oversete fristen eller for å ha drygd med klagen etterpå, eller så framt det av særlege grunnar er rimeleg at klagen blir prøvd.
Formkrav
- Klagen må vere skriftleg og underskrive av klagaren eller eventuelt av ein med fullmakt.
- Klagen skal nemne det vedtaket som det blir klaga på, og dersom det er nødvendig, gi opplysningar som gjer det mogleg å avgjere spørsmål om klagerett og om klagefristen er halden.
- Klagen bør innehalda årsaka til klagen.
Rett til grunngiving
- Den som har klagerett kan innanfor klagefristen krevje grunngiving for karakter.