Publisert 29. mars 2011 13:20:04 av John Willy Klungre
Måndagane i veke 12 og 13 var 9.-klassingane frå Myklebust skule og Åheim skule på open dag på skulen vår. Dette er ein del av planen i faget Utdanningsval i ungdomsskulen. Målet er at elevane skal få begynne å gjere seg kjende med vidaregåande opplæring.
Først møtte elevane på kantina der rådgjevar Aage Strand og avdelingsleiar Ester Sørdal Klungre ønskte velkomen og orienerte om kva som er nytt i det å gå frå ein obligatorisk grunnskule til videaregåande tilbod ein vel sjølv. Det vart også tid til ei omvisning på skulen før elevane fekk gå rundt og møte elevar frå vidaregåande som orienterte om sine utdanningsprogram. Til slutt «myldra» 9.-klassingane mellom vidaregåande-elevane for å få svar på eigenproduserte spørsmål om vidaregåande opplæring. Så får vi vone dei fekk gode svar.